Maskinførar med høg arbeidskapasitet og lidenskap for presisjonsmuring av gråsteinsmurar

Rune Havnen Maskinmuring AS har spesialisert seg på akkurat dette med maskinmuring og gravearbeid som etterlever strenge krav til presisjon og kvalitet.

Ei lang liste med gode referansar på prosjekt med blant anna gråsteinsmurar i alle storleikar, plastring, kulpar, elveforebygging, damplastring, graving og grunnarbeid tegnar eit godt bilde.
Han er så godt som oppvaksen i gravemaskina og har stor lidenskap for det han driv med.
Arbeidet talar for seg sjølv, med fleire utførte prosjekt som idag står som referansepunkt for framtidige prosjekt. Med snart 30 års erfaring innan maskinmuring og gravearbeid kan han levere presisjonsarbeid med effektivitet og plettfritt resultat.

Bildestraum fra våre tidlegare prosjekt


Det er nøgde oppdragsgivarar over heile landet som har valgt oss som sin graveentreprenør, og me jobbar iherdig for å levera høgkvalitetsarbeid med framdrifta som avtalt.